Poesi og fotografi

«Prosa er linje, poesi er punkt» har Jan Erik Vold sagt ein stad. Poesi er ikkje-fortellande; det fins ikkje ein underliggande fabel som skal leggast fram, eller ei sak som skal drøftast frå ein ende til ein annan. Heilt så enkelt er det ikkje, for det fins jo til dømes episke dikt, men denne måten å sei det på antydar poesi som eit fenomen meir enn ein bestemt sjanger, og difor er det veldig godt sagt.

Til dømes er eit fotografi også slik. Det enkelte bilete fortel inga historie; det berre viser korleis eit utsnitt av verda såg ut på eit gitt tidspunkt, og inneheld ingen konkret informasjon om kva som skjedde før, eller kva som skal skje i framtida.

Den amerikanske fotografen Garry Winogrand er inne på dette i eit TV-intevju ein stad, der han brukar eit av sine fotografi som døme. På fotografiet held ein person ein hatt over hovudet til eit barn. Om hatten i verkelegheita var på veg til å bli plassert på hovudet, eller om han var på veg til å bli teken av hovudet veit vi ikkje. Vi veit berre at han på fotografiet er like over hovudet; sjølve framstillinga er berre eit punkt i tid.

Når eg ser det nevnte biletet får eg for øvrig ein assosiasjon til det kjende måleriet av surrealisten Magritte, der ein hatt er plassert i lause lufta over eit antrekk, og kroppen manglar (Winogrand har også et par andre bilete som refererer til dette motivet). Fotografi er surrealistiske i kraft å framstille ein nøyaktig representasjon av eit utsnitt av ei verd der tida har stoppa, men vi er så vande med det at vi ikkje tenker på kor bisarrt det eigentleg er. Denne effekta kjem sterkare tilbake, i alle fall til meg, når eg ser på stereoskopiske, altså tredimensjonale, fotografi; truleg av di desse kjem nærare det verkelege enn kva todimensjonale fotografi gjer, men kanskje også litt fordi eg ikkje i same grad er tilvent å sjå på dei.

Surrealistisk poesi er i seg sjølv ein eigen sjanger, men poesi for øvrig har også deler av surrealismen i seg, kanskje særleg bruken av draumeliknande logikk og det irrasjonelle; den uventa koblinga av ulike sanseinntrykk og det udefinerte tidsforløpet. Det er ofte dette uventa som set i gong poetiske verknader i oss. På same vis som vi venner oss til å sjå fotografi venner vi oss også til å bruke språket på visse måtar, og konvensjonane blir så allmenne at vi ikkje tenker over dei. Ved å bruke språket på uventa måtar kan poesien synleggjere korleis ting fungerer under denne overflata. 

Å vera åleine

«Å skriva dikt er min måte å vera åleine på» sa Fernando Pessoa. For eit par år sidan låg eg under eit tre i parken på Bergenhus festning og las akkurat denne setningen; den stod i ei samling av Pessoa sine tekstar, kan hende i eit føreord – det er i alle fall slik eg hugsar det. Og eg såg opp frå boka og tenkte at «her er eg også åleine; å lese dikt er ein av mine måtar å vera åleine på».

Ikkje at eg var spesielt åleine reint fysisk, for sjølv om eg ikkje kunne sjå folk akkurat der og då, så var det ikkje langt til næraste person; det var meir kjensla av å vera åleine mentalt. Den dagen hadde eg til dømes ikkje med meg mobiltelefonen, og ingen visste kvar eg var; det var eit lite stykke tid av livet mitt som berre eg kjende.

No som vi har andre mennesker tilgjengelege ved eit tastetrykk er det naudsynt somme andre ting som må vike. Kanskje er det den verkeleg lange fordjupinga i noko. Den tida då ein verkeleg er heilt åleine.

Kanskje er eg likevel ikkje heilt åleine med meg sjølv dersom eg har med meg ei bok med dikt; det er jo på eit vis ein dialog mellom meg og forfattaren. På same vis er det med musikalske verk og liknande. Heilt åleine med seg sjølv blir ein kanskje aldri, men det kan vera fint å av og til ta seg tid til å vera åleine med seg sjølv og verda; å sjå kva eins eigne tankar har å gi, uansett om ein skriv dei ned i form av dikt eller ikkje.

Schopenhauer var i eit av sine essays innom det at å lese er å tenke andre sine tankar, og at ein difor også må ta seg tilstrekkeleg med tid til å tenke sine eigne, og altså ikkje lese for mykje. Eg har ei kjensle av at det problemet Schopenhauer skildrar er noko som går føre seg i stor skala når vi samhandlar i sosiale medier; der er det lett for at små, overflatiske snuttar blir resirkulerte til det keisame.

Stig Sæterbakken har i nokre av sine sakprosatekstar antyda at det han likar med lesing og bøker er at dei lar deg ta del i eit fellesskap som ellers ikkje ville vore mogleg; «et ensomhetens felleskap», som han skriv ein stad

Apropos til norsk poesi

I førre innlegg nevnte eg at det fins mange gode poetar på norsk, men eg nevnte ingen ved namn. Joseph Brodsky si omtalte oppsummering hadde for kvart land ein handfull kanoniserte namn som han meinte ein kunne begynne med å lese. Eg noterte dei: på engelsk nevnte han til dømes Robert Frost, Thomas Hardy, T. S. Eliot, W. H. Auden, Marianne Moore og Elizabeth Bishop. Tilsvarande på norsk kunne til dømes vore Henrik Wergeland, Olav H. Hauge, Halldis Moren Vesaas og Tor Ulven, men det er mange, og då har eg ikkje eingong tenkt på samtidspoesien. Det er jo dessutan nokre år sidan Brodsky publiserte sitt essay; det kan ha vore rundt 1990, så namna er blitt over 20 år eldre, men det spelar ikkje så stor rolle kven som seier det – dette er i all hovudsak ting som kven som helst med litt interesse kan finne ut av. 

Samtidspoetar er noko anna. Av dei som lever og virkar i dag er det vanskeleg å i det heile tatt nevne nokon på generell basis; det er så mange som vil bli gløymt om ein begynnar å ramse opp på denne måten, men ein kjem i alle fall ikkje unna Jan Erik Vold og Stein Mehren, som har store forfattarskap bak seg. Jan Erik Vold er nok også den største formidlaren av poesi i norge, og han har skrive ein heil del sakprosa om norsk poesi, der han også trekk fram samtidspoetar. Sist eg var på biblioteket las eg mellom anna hans essay om Ellen Einan og Bjørn Aamodt (sistnevnte er for øvrig avliden sidan essayet vart skrive). 

Som eit apropos til det eg skreiv om at norsk poesi ikkje var særleg tilgjengeleg på nett, så kan det forresten nevnast at den nye tenesta bokselskap.no har norsk diktinnhald. I skrivande stund ligg det ute 21 titlar under kategorien dikt, frå mange sentrale norske diktarar, til dømes Olav Nygard. Det er ting som opphavsretten er gått ut på, og tekstane er tilrettelagde for web på ein betre måte enn på bokhylla.no. Bøkene kan også lastast ned til lesebrett. Eg har testa å laste dei ned til Kindle, men var ikkje heilt nøgd med formateringa.

God, nettbasert formidling av norsk samtidspoesi er det foreløpig dårleg med.