Å vera åleine

«Å skriva dikt er min måte å vera åleine på» sa Fernando Pessoa. For eit par år sidan låg eg under eit tre i parken på Bergenhus festning og las akkurat denne setningen; den stod i ei samling av Pessoa sine tekstar, kan hende i eit føreord – det er i alle fall slik eg hugsar det. Og eg såg opp frå boka og tenkte at «her er eg også åleine; å lese dikt er ein av mine måtar å vera åleine på».

Ikkje at eg var spesielt åleine reint fysisk, for sjølv om eg ikkje kunne sjå folk akkurat der og då, så var det ikkje langt til næraste person; det var meir kjensla av å vera åleine mentalt. Den dagen hadde eg til dømes ikkje med meg mobiltelefonen, og ingen visste kvar eg var; det var eit lite stykke tid av livet mitt som berre eg kjende.

No som vi har andre mennesker tilgjengelege ved eit tastetrykk er det naudsynt somme andre ting som må vike. Kanskje er det den verkeleg lange fordjupinga i noko. Den tida då ein verkeleg er heilt åleine.

Kanskje er eg likevel ikkje heilt åleine med meg sjølv dersom eg har med meg ei bok med dikt; det er jo på eit vis ein dialog mellom meg og forfattaren. På same vis er det med musikalske verk og liknande. Heilt åleine med seg sjølv blir ein kanskje aldri, men det kan vera fint å av og til ta seg tid til å vera åleine med seg sjølv og verda; å sjå kva eins eigne tankar har å gi, uansett om ein skriv dei ned i form av dikt eller ikkje.

Schopenhauer var i eit av sine essays innom det at å lese er å tenke andre sine tankar, og at ein difor også må ta seg tilstrekkeleg med tid til å tenke sine eigne, og altså ikkje lese for mykje. Eg har ei kjensle av at det problemet Schopenhauer skildrar er noko som går føre seg i stor skala når vi samhandlar i sosiale medier; der er det lett for at små, overflatiske snuttar blir resirkulerte til det keisame.

Stig Sæterbakken har i nokre av sine sakprosatekstar antyda at det han likar med lesing og bøker er at dei lar deg ta del i eit fellesskap som ellers ikkje ville vore mogleg; «et ensomhetens felleskap», som han skriv ein stad