Apropos til norsk poesi

I førre innlegg nevnte eg at det fins mange gode poetar på norsk, men eg nevnte ingen ved namn. Joseph Brodsky si omtalte oppsummering hadde for kvart land ein handfull kanoniserte namn som han meinte ein kunne begynne med å lese. Eg noterte dei: på engelsk nevnte han til dømes Robert Frost, Thomas Hardy, T. S. Eliot, W. H. Auden, Marianne Moore og Elizabeth Bishop. Tilsvarande på norsk kunne til dømes vore Henrik Wergeland, Olav H. Hauge, Halldis Moren Vesaas og Tor Ulven, men det er mange, og då har eg ikkje eingong tenkt på samtidspoesien. Det er jo dessutan nokre år sidan Brodsky publiserte sitt essay; det kan ha vore rundt 1990, så namna er blitt over 20 år eldre, men det spelar ikkje så stor rolle kven som seier det – dette er i all hovudsak ting som kven som helst med litt interesse kan finne ut av. 

Samtidspoetar er noko anna. Av dei som lever og virkar i dag er det vanskeleg å i det heile tatt nevne nokon på generell basis; det er så mange som vil bli gløymt om ein begynnar å ramse opp på denne måten, men ein kjem i alle fall ikkje unna Jan Erik Vold og Stein Mehren, som har store forfattarskap bak seg. Jan Erik Vold er nok også den største formidlaren av poesi i norge, og han har skrive ein heil del sakprosa om norsk poesi, der han også trekk fram samtidspoetar. Sist eg var på biblioteket las eg mellom anna hans essay om Ellen Einan og Bjørn Aamodt (sistnevnte er for øvrig avliden sidan essayet vart skrive). 

Som eit apropos til det eg skreiv om at norsk poesi ikkje var særleg tilgjengeleg på nett, så kan det forresten nevnast at den nye tenesta bokselskap.no har norsk diktinnhald. I skrivande stund ligg det ute 21 titlar under kategorien dikt, frå mange sentrale norske diktarar, til dømes Olav Nygard. Det er ting som opphavsretten er gått ut på, og tekstane er tilrettelagde for web på ein betre måte enn på bokhylla.no. Bøkene kan også lastast ned til lesebrett. Eg har testa å laste dei ned til Kindle, men var ikkje heilt nøgd med formateringa.

God, nettbasert formidling av norsk samtidspoesi er det foreløpig dårleg med.