Morsmål og andre mål

Eg las for eit par år sidan eit essay av Joseph Brodsky der han – slik eg hugsar det – argumenterte for at poesilesarar først og fremst burde lese poesi på sitt eige morsmål, og mindre av gjendiktingar eller framandspråk. Det har inga hensikt å misunne andre morsmål, meinte han, for sjølv dei minste språk har gode poetar. Deretter ramsa han opp ein masse poetar på ulike europeiske språk, mellom anna svensk.

Og det er sant; det fins ein haug av gode poetar på norsk, og dei blir ikkje lest nok. Det er for øvrig ikkje slik at eg synest ein skal fnyse av gjendiktingar, som eg også har antyda tidlegare; det er viktig å kunne sjå den norske samtidspoesien i eit internasjonalt perspektiv. 

Det er imidlertid noko som av og til dreg meg mot engelskspråkleg poesi, og det er dei fantastiske ressursane, og tilgjengelegheita som språket er priviligert med. Til dømes har vi knapt eit einaste poesitidsskrift på norsk (la Granada er eit positivt tilskot), medan det på engelsk nærast ikkje fins tal på kor mange det er. Somme er jamvel gratis tilgjengelege på nett med lydopptak og artiklar. Her har Poetry Magazine, som drivest av Poetry Foundation ei nettutgåve med ein sjeldan kvalitet. Det burde nok også vore mogleg å kunne ha eit like flott nettmagasin om norsk poesi, med innlesingar og artiklar. Nasjonalbiblioteket sit til dømes på ein masse ressursar her allerede; det må berre formidlast på en attraktiv måte. 

Arkaisk og futuristisk språk

Etter at eg for nokre år sidan las Solaris korrigert av Øyvind Rimbereid slo det meg at det er langt mellom liknande språklege eksperiment i norsk poesi. Rimbereid har blanda engelsk, gammalnorsk og norsk i eit slags futuristisk språk som han brukar til å skildre eit scenario langt inn i framtida. 

lefa innside ein astroide
vid hundre odder humans
reisen vekk fra Systm Sol

Innhaldsmessig tangerer det diktet Aniara av Harry Martinsson, som eg for øvrig held på å lese, men der er språket konvensjonelt. Romanen Solaris av Stanislaw Lem (også filmatisert av ein av mine favorittregissørar; Andrej Tarkovskij) må også nevnast som ein tematisk slektning. Tankane går ellers til det degenererte språket i den dystopiske romanen Riddley Walker av Russell Hoban. Denne romanen er nok eit døme på prosa som må lesast nærast like nøye og langsamt som eit dikt. 

Rimbereid har også nytta arkaisk språk og stavangerdialekt i den nye boka Jimmen. Eg har enno ikkje lese denne, men mange har sitert frå boka nyleg, mellom andre Helge Rykkja. Cornelius Jakhelln gjer for øvrig noko liknande i Kosmopolis; der er det brukt både høgnorsk og sørlandsdialekt. I tillegg brukar han kuriøst nok eit tilgjort Wergeland-aktig-språk i eit pussig dikt om Henrik Wergeland:

Fra denne søde Landsdeel kom der en digter.
Henrik hedte Manden, alt andet end nygter.
Fordi han var slig en høirøstet Wergemand
fik Henrik Navnet Brøl-Aben Wergeland!

Det mest spinnville språket fins kanskje likevel i Bergens beskrivelse av Erlend O. Nødtvedt. Her er brukar diktaren eit sammensurium av bergensk skriftspråk og talemål frå vår tid og nesten attende mot mellomalderen.

nedstiger som Niels
valanderer lakabrent Meningsløs by
klimmer rundt i Bergen
aa saa sort mitt Hierte
gir Ekko i Mørksmitt ned
paa Puddefjordsbroens Rekkverk eg fikk begavninger
saa alterert!

Eg har lese boka, men enno ikkje hørt korleis han les opp teksten sjølv. Det kan bli interessant. 

Å finne interessante saker om dikt

Å halde seg oppdatert på kva som skjer i norsk samtidslitteratur, og spesielt samtidspoesien er ikkje nødvendigvis heilt enkelt. Ein høyrer spesielt lite om debutantar. For å få med seg det mest vesentlege må ein gjerne abonnere på det som fins av papirmagasiner om litteratur, og eit reint magasin om poesi trur eg ikkje eingong fins. På nettet fins det litt stoff her og der, men det er tidkrevande å skulle rave rundt i cyberspace på måfå og leite etter stoffet. 

Det fins likevel ymse ikkje-tidkrevande teknikkar for å halde seg oppdatert, som til dømes å abonnere på nyheitssøk og bloggsøk med nøkkelord, men dette er nok litt for avansert for gjennomsnittlege brukarar. Ein kan jo sjølvsagt abonnere på alle nettstader som har med litteratur å gjera og heller vasse gjennom litt ekstra stoff, men kan vera overveldande.  

Personleg gjer eg vel ein mellomting her. Eg abonnerer på det som interesserer meg av nøkkelord, bloggar og andre ting, og så ignorerer eg om lag 90% av det som kjem inn i feedlesaren min. Dette er noko som eg uansett gjer, så eg tenkte at det kunne vore greit å ha ein måte å dele linkar til interessante poesirelaterte artiklar eg kjem over, utan at eg må skrive eit blogginnlegg kvar gong. 

I det siste har det dukka opp tenester som lar deg vera kurator for eit emne på ein veldig lettvint måte, difor tenkte eg at eg skulle forsøke ein av desse, nemleg Scoop.it. Her treng eg i praksis berre å trykke på ein knapp dersom eg ser noko interessant, og så havnar det automatisk på mi Scoop.it-side. Det blir som eit slags nettmagasin som henviser til innhald om dikt. Det går også an for eksterne å foreslå linkar.

For øvrig kan eg nevne at Bergen offentlige bibliotek er inne med fleire interessante emne på Scoop.it.

Tilføying: Eg har lagt inn ein link til sida øverst her, under tittel Peikarar om poesi.