L'inconnue de la Seine

Mange har på eitt eller anna tidspunkt forsøkt å gjenopplive gummidokka Anna, men få kjenner historia bak henne. Andletet har nemleg tilhøyrd ei ung kvinne som drukna i Seinen på slutten av 1800-talet. Mannen som på denne måten gjorde henne udødeleg var ein leketøymakar frå Stavanger ved namn Asmund Laerdal. Dersom du vil ha heile historia kan eg tilrå å høyre Radiolab sin versjon, som ikkje er heilt fri for poetiske vendingar. 

Det som har direkte med poesi å gjere i alt dette er at Vladimir Nabokov skreiv eit dikt til denne dama i 1934, som det blir lest nokre snuttar frå i Radiolab sitt program. Tittelen er «L'inconnue de la Seine». På nettet fann eg ikkje dette diktet på andre språk enn fransk (som eg ikkje skal prøve meg på noko gjendikting av), men det skal kunne finnast på engelsk, mellom anna i ei bok som heiter Poems and Problems. Tittelen er også der på fransk, endå sjølve diktet står på engelsk (og russisk). 

For øvrig skal også Rainer Maria Rilke ha nevnt henne, ikkje i eit dikt, men i den einaste romanen han skreiv.

Robert Bly om Olav H. Hauge

Vitjing hjå den åttifem år gamle poeten

Til diktaren Olav H. Hauge

 

Den åttifem år gamle mannen reiser seg, 

og går til bokhylla, håret i ugreie,

tynne leggar, for å henta ei bok, tek ho

ut og seier «]a, du har vel lese denne, veit eg?»

 

Han har. Han padlar mellom desse isflaka, 

desse enorme, tjukke bøkene, som ein stor eskimo-

jeger, for det er selar nede i sjøen, 

dei tilbyr sine huder, sitt spekk, sine store einsame augo.

 

«Å, ja!», seier han. «Å, ja.» Nokre sanningar har vorte

sagt. Ein eller annan i Kina eller Hardanger har skrive store

dikt. «Å, ja.» Han reiser seg igjen, går bort til veggen.

«Emerson var ein skarp lesar. Å, ja!»

 

Han har levd heile sitt liv på fem mål

med epletre, hogge ved, vore på

galehuset, kasta tallerkenar i veggen, 

omsett, pakka eple, skrive dikt.

 

Eg er stolt av å kjenna han, denne gamle mannen seint i livet

som reiser seg og seier: «Ja, du har vel levd dette, veit eg?»

 

Av Robert Bly (Gjendikta av Helge Torvund). Diktet er henta frå boka Morgondikt som ligg ute på Bokhylla.no.

Poetry Archive

Som eg oppdaga i dag fins det alså ei nettside som mellom anna samlar på innspelingar av engelskspråklege poetar som les sine dikt: Poetry Archive. Det er for øvrig den beste poesi-nettsida eg har kome over til no. Dei legg til og med ut dikta i tekstform, men på ein utspekulert nok måte at dei ikkje enkelt lar seg kopiere og sitere. Ta til dømes ein kikk og lytt på The Moment av Margaret Atwood.