Essays, bok 1

Michel de Montaigne (1533-1592) vert rekna som skaparen av det uformelle essayet. Hans Essays er på norsk utgitt som 3 bøker, der eg foreløpig har lese den første.

Det som gjer det interessant å lese tekstane i 2011 er for meg dei allmenne emnene og måten Montaigne reflekterer over desse på. Han er neppe heilt i takt med alle renessansetypiske idéar, men den sterke interessa for antikken, og tendensen til å dra i gong digresjonar og parallellar som fører dit er ganske konsekvent til stades. Litt på same måte tenker eg sjølv heile tida på skilnadene mellom hans tid og mi tid medan eg les, og legg merke til kva som har endra seg og kva som ikkje har det.