Om dette

Bloggskribenten held til i Bergen og har det som sitt personlege prosjekt å grave seg inn i poesien. Denne bloggen er til dels eit idealistisk formidlingsprosjekt. Aldri på noko tidspunkt i historia har det vore særleg mange som les dikt, så det er på sett og vis dømt til å mislukkast, men innlegga handlar ikkje berre om dikt, dei handlar også om poesien i alt. 

Eg tar utgongspunkt i å publisere eit innlegg kvar torsdag klokka 0600. Oppdateringer utover dette vil eventuelt bli til etter innfallsmetoden. 

Fotografiet i headeren tok eg i ein dyrepark i utlandet, muligens Ungarn. Det kan sjåast i ubesudla tilstand her. Ikkje stjel det. 

Eg kan nåast på epost.

Følg bloggen: 
Vanlig feed (alle feedlesarar)
Bloglovin
Epost

Har du lesebrett?
Her fins ein PDF med nokre utvalde innlegg frå bloggens byrjing i november 2011 til ut februar 2012.