Den analoge lesingas fenomenologi
Orsak den oppstylta tittelen, men det er eit eller anna med å lese på papir som er fundamentalt annleis enn det å lese digitalt, og eg innbillar meg å merke det spesielt med dikt og til dels med prosasamlingar.
Å finne tilbake til ein tekst i ei bok i ei bokhylle er å finne tilbake til ein fysisk stad; å bla opp i eit fysisk rom. Det kjennest betre, kanskje fordi det ligg nærare måten vi oppfattar ting på. Hjernen har utvikla seg for å navigere i fysiske rom, og det er hovudgrunnen til at memoriseringsteknikkar som inneheld “visualiserte rom” fungerer. Desse tinga har nok ikkje så stor relevans for den enkelte leseøkta, men eg trur likevel at settinga ein les i påverkar korleis ein les.
For øvrig må det også påpeikast at lesing i seg sjølv ikkje kjem naturleg for hjernen; det krever masse opplæring. Å sjå på TV, som berre er lyd og bilete, kjem imidlertid mykje lettare. Difor krever normalt ikkje det så mykje av settinga som lesing gjer.
Forfattaren Jonathan Frantzen kom nyleg med eit utspel som havna under den litt tabloide overskrifta «E-boken ødelegger samfunnet». Sjølv om eg ikkje er einig i det han seier om at digitale bøker naudsynt har kortare levetid enn fysiske, så har eg forståing for det andre poenget til Frantzen, nemleg at det å ha alt umiddelbart tilgjengeleg ikkje naudsynt er eit gode. Dette har etter mi meining også med setting å gjera. Noko av det fine med ei leseoppleving er også at det bygger seg opp forventing og fryd i forkant av lesinga. Eg meinar å ha lese at Steven Spielberg uttalte at han likte å gå på kino og stå i kø som alle andre, underforstått at det var ein viktig del av opplevinga.
Eg seier ikkje at e-boka gjer desse kjenslene umoglege, men det er liksom noko som manglar, og ein kan liksom ikkje knyte spenninga til eit fysisk objekt lenger. Her trur eg også det ligg litt av den psykologien som marknadsføringsfolk forstår seg på. Når det er sagt så er eg positiv til digitale publikasjonar og vil komme meir tilbake til det.
