Filed under: film

Der Freie Wille

Eg hadde aldri hørt om den tyske filmen Den frie viljen før eg fant den i utvalet til MUBI, som er filmleigetenesta eg nyttar på nettet. Filmen portretterer ein overfallsvaldtektsmann si forbryting, straff og attvending til samfunnet. Det er ikkje til å unngå at ein ser visse paralleller til Forbrytelse og straff, men denne filmen er også ein slags kontemplasjon over rehabilitering av kriminelle, og kva det eigentleg vil seie å vera kriminell (rundt 20% av insette i USA viste seg nyleg i ei undersøking å vera patologisk kriminelle). Filmen er krevande å sjå, men den er ikkje det ein pleier å kalle utilgjengeleg; det er heile tida ei deskriptiv handling som foregår. Det krevande ligg truleg snarare i å sjå filmen med eit ope sinn, og la seg dra inn i ein refleksjon rundt det som ofte er tabubelagte problemstillingar. Det er ein utruleg fascinerande film, og eit absolutt meisterverk.