Norske poetar på Twitter
Eg har hatt eit litt ambivalent forhold til Twitter i dei fire åra eg har brukt det. Det var vel i haust eller i sommar at eg avslutta min gamle konto der, samtidig som eg ga meg med Facebook. Eg tenkte eg kunne bruke meir tid på andre ting, men så gjekk det eit par veker, og så fekk eg ein invitasjon til Google +.
Etter å ha brukt det litt begynte eg å sjå verdien av Twitter, og åpna ein ny konto der for kort tid sidan. Eg var umiddelbart nysgjerrig på kor mange norske poetar som var aktive der. Til no har eg kome over desse:
- Henning H. Bergsvåg
- Kristina L. Iversen
- Cornelius Jakhelln
- Cecilie Løveid
- Erlend O. Nødtvedt
- Helge Torvund
Det fins truleg fleire. Den som merkar seg ut formmessig er nok Torvund, som ofte skriv små dikt, til dømes dette:
ei stor glede hadde samla seg i regionen | og medan mørkret gleid bort | braut ho ut | i lys
— Helge Torvund (@2rvund) desember 30, 2011
