Poesi og prosa
Eg las akkurat ein science-fiction-roman, og noterte meg at nokre metaforar vart mykje brukt. Når du til dømes har lest at «flammene slikket opp (…)» ved kvar einaste skildring av ein brann eller eit bål, så tilfører det liksom ikkje teksten særleg mykje lenger.
Men om ein skal gjennom seks hundre sider, så ville det ta veldig lang tid om lesaren skulle måtte vege meiningsinnhaldet i kvart einaste ord, difor må ein som prosalesar av og til sjå mellom fingrane med å prøve å forstå alle setningar på detaljnivå. Som diktlesar må ein imidlertid vera veldig forsiktig med dette. Når eg sjølv har lese dikt på dansk, svensk eller engelsk har eg innbilt meg å forstå ting som ved nærare sjekk har vist seg å inneha tydingar eller språklege nyansar eg ikkje visste om. Det kan vera nok til at ein ikkje får noko ut av heile teksten.Tilføying (13.01): I det siste avsnittet nevnte eg utanlandske språk, men hoppa bukk over at det same faktisk også skjer på norsk, og ikkje berre uvante norskformer, men vanleg norsk. På denne måte bidrar jo diktforma til å utvide språket; ved at ein ikkje heile tida er tvungen til å vera nøye på at teksten skal vera lettlest.
