Filed under: kuriosa

Roser er raude

Alle kjenner vel «Roser er raude, fiolar er blå (…)», som ofte er det første kjærleiksdiktet ein lærer, eller kanskje i det heile tatt klarar å hugse på. Eit innfall fekk meg til å lure på kvar dette største klisjédiktet av dei alle eigentleg kjem frå.

I følge Wikipedia kan det reknast som folkedikting, men muligens med grobunn i eit episk diktverk av Edmund Spenser, som heiter The Faerie Queene (1590):

She bath'd with roses red, and violets blew,
And all the sweetest flowres, that in the forrest grew.

Dette diktverket virkar for øvrig slett ikkje uinteressant, så kanskje eg skal sjå meg om etter det så snart eg er ferdig med Om tingenes natur. Roser er raude-diktet slik vi kjenner det i dag vart visstnok i si opprinnelege form først publisert som barnerim i ei bok frå 1784. Så veit du det neste gong det kjem opp.