The Bard
Robert Burns skreiv i 1788 diktet Auld Lang Syne, som er Skottlands uoffisielle nasjonalsong, og som truleg også er Burns sitt mest kjende verk. Burns skriv for øvrig sjølv at han har fått diktet overlevert frå ein gammal mann, og det fins dessutan ein liknande song som vart publisert i 1711. Tematikken, for dei som ikkje kjenner den, omhandlar det vi gjerne kallar for «gamle dagar».
Eg kom til å tenke på denne songen då eg i førre veke stod i det skotske nasjonalgalleriet i Edinburgh og betrakta ei byste av Robert Burns. Deler av diktet var altså gammalt då Burns nyskreiv det, og det kunne kanskje ikkje blitt så populært utan denne folkelege forankringa. Eg tenker gjerne at sentimentalitet og lengsel tilbake til gamle dagar er typisk for patriotiske songar og nasjonalsongar, og dette er jo ein til dels tre hundre år gammal song om gamle dagar, så den har bygd opp ein del kredibilitet når det kjem til å feire gamle tradisjonar og ting som tar, slutt eller har teke slutt. (Det er gjerne i slike samanhengar han vert nytta).
Samtidskunsten har ein tendens til å sky den folkelege sentimentaliteten, og det som har med kjensler å gjera, til fordel for ukonvensjonelle, konseptuelle idear, medan til dømes popmusikken tar tak i kjenslelivet, gjerne på ein veldig konvensjonell, og lett tilgjengeleg måte. Sjangerkonvensjonar i dikt har lenge vore tilsidesett til fordel for frie vers og formeksperiment, og følgeleg er mykje samtidspoesi vanskeleg tilgjengeleg. No har eg imidlertid lese at det til omtrent alle tider frå antikken til i dag har vore ein ganske konstant del av befolkinga som les dikt, og den er temmeleg liten, kanskje berre eit par prosent, så eg trur ikkje ein kan sei at poesien er død, eller at poesien må tilpasse seg for ikkje å dø. I alle fall ikkje basert på storleiken på publikummet. Folkediktinga og folkemusikken har hatt eit større publikum, sjølv om den i dag kan verke marginalisert, og det har nok diktarar som Burns, og komponistar som Grieg, Bartok, Dvořák og andre visst å nytte seg av når dei har teke folkekulturen inn i sine verk. (Grieg er til dømes norges utvilsomt mest populære klassiske komponist, og det er relativt få som kjenner til Geirr Tveitt, Fartein Valen eller Harald Sæverud. Sæverud har for øvrig også skrive fabelaktig musikk til Peer Gynt).
Eg prøver å komme på døme på at dagens populærkultur blir henta inn i dikt, men eg kjem ikkje på noko, sjølv om eg veit at eg har lese slike tekstar. Kanskje det er eit veldig irrelevant verkemiddel. For nokre veker sidan hadde Dagbladet ein konkurranse der ein skulle skrive «krimdikt», det vil seie dikt med mord og slike ting. Kriminalitetsfeberen har altså nådd diktsjangeren, dersom dette kan tene som døme på noko som helst. Vi er i alle fall veldig opptekne av kriminalitet til å bu i eit så fredeleg land (kanskje vi treng litt drama).
Robert Burns har forresten fått sin eigen whisky, og dei har den på mitt lokale Vinmonopol. Den skal visstnok også vera drikkande, i følge mi whiskyelskande søster.
