Eige domene: poesien.org
For ikkje å forvirre lesarane (det begynnar trass alt å nærme seg ti stykker) tenker eg berre å informere om at eg har skaffa eit eige domene til denne bloggen. Den gamle adressa vil sjølvsagt framleis fungere (i alle fall om nokre timar), men no er hovudadressa altså poesien.org.
For øvrig er eg også på Twitter no. Eg måtte altså krype til korset etter å ha lagt ned den gamle profilen min samtidig som eg slutta med Facebook. Nok om det.
Når det gjeld temaet for denne bloggen, som altså er dikt, så kjem det ein post i veka, fast kvar torsdag morgon (klokka 06:00). Det er minimumsmålet, men som ein kanskje kan sjå, så kjem det i praksis meir enn det. For å bevare litt impulsivitet og entusiasme ønsker eg berre ikkje å legge lista for høgt.
Og for å halde dette innlegget litt på temaet, så har eg som helgelektyre tenkt å lese litt i Olav H. Hauge si Dikt i umsetjing. Der fins det mellom anna ein god del gjendiktingar av Paul Celan, som eg også for tida les i Øyvind Berg si gjendikting, då sjølvsagt på bokmål. Det kan vera interessant å sjå korleis ulike gjendiktingar fungerer. Kanskje eg også får tak i dei tyske originalane etter kvart; tysken min treng sårt litt oppfrisking.
