Filed under: musikk

Fleire språk samtidig

Eg har lese at eit av problema hjernen får når vi brukar merksemd på fleire ting samtidig er at den ikkje får ting inn i langtidsminnet. Vi huskar altså dårlegare dersom vi til dømes høyrer på musikk medan vi studerer.


Eg har i grunnen aldri skjønt korleis nokon kan lese og høyre på musikk samtidig, langt mindre skrive – endå eg veit mange gjer det. Eg las eit intervju med Stig Sæterbakken der eg fekk inntrykk av at han gjerne hørte på musikk medan han skreiv. Ketil Bjørnstad uttrykte i eit intervju at han aldri hadde forstått korleis nokon kunne gjera det. Begge desse har for øvrig vore eller er musikarar, og Bjørnstad er ein anerkjend pianist.


For meg er musikk språk, men eg opplever at desse to språka til ein viss grad eliminerer kvarandres effekt. Eg får eit særleg ubehag ved å høyre populærmusikk med idiotiske tekstar, særleg dersom musikken er interessant (det hender ikkje ofte). Metal-musikk er etter mitt inntrykk ein stor syndar når det gjeld tekstkvalitet. Eller, i alle fall ikkje nokon mindre syndar enn annan populærmusikk, men den tar gjerne seg sjølv veldig høgtideleg, så det blir ekstra skrikande åpenbart. Då føretrekk eg eigentleg heller band som Gorgoroth, der tekstane aldri blir offentleggjort, og du neppe forstår noko særleg av orda basert på songen åleine.


Når det gjeld klassisk kormusikk eller samtidsmusikk med kor har eg også ein tendens til å foretrekke ordlaus song, som til dømes i Ligeti sine korverk. Kvifor skulle ein absolutt måtte synge ord og toner? Det er vel ingen andre musikkinstrument som kan modulere kvar tone til forskjellige «ord» eller andre språklege metanivå. Det blir på ein måte som om eg skulle skrive inn ein tekst og så i tillegg lage ein slags metatekst ved å fargelegge bokstavane i teksten etter spesielle mønster.


I klassisk song er det for øvrig også gjerne vanskeleg å forstå orda som blir sunge; ein må liksom vite at dei er der for å høyre dei. Og det er greit for meg. Det er berre så utruleg irriterande når ein oppdagar at eit musikkstykke ein i utgongspunktet likar har ein sjeldant pinleg tekst. 

 

Litt om musikk og poesi

Nobelprisvinnaren Tomas Tranströmer er også amatørpianist og har antyda at han valde å satse på poesien til dels for å kunne ha eit meir fritt og lidenskapeleg forhold til musikk – ved altså ikkje å vera profesjonell utøvar. Mange poetar er opptekne av musikk (ikkje minst Jan Erik Vold), og det ville ikkje forundre meg om poetar også er meir opptekne av musikk enn andre forfattarar. Nokre har jamvel våga seg på å «rangere» musikk som kunstform både over og under poesi, med ulike grunngjevingar.

Eg har for øvrig også lete meg fortelle at Gustav Mahler skreiv dikt, og det er sjølvsagt mange komponistar som skriv songtekstar – opera er også naturleg å nevne her; lyrikk og musikk heng tett saman, som alle veit. Tone føl tone, og musikk oppstår; ord føl ord, og poesi oppstår.

Paul Celan har også skrive dikt ved å anvende komposisjonsprinsipp frå musikken. Dødsfuge, eit av hans mest kjende dikt, er komponert etter prinsipp frå fuga – ei form særleg J. S. Bach er kjend for. Ei fuge er lik ein kanon på den måten at den består av eit hovudtema som blir repetert over seg sjølv anten tostemt eller fleirstemt, men ei fuge har eit anna forløp enn ein kanon, og har ein friare omgong med hovudtemaet.

Celan bygger dermed diktet frå nokre fraser som han repeterer i ulike samanhengar gjennom heile teksten. Dette får diktet til å ta ein slags messande form, nesten litt manisk, men det har også noko liturgisk over seg – då tenker eg til dømes på korleis ein liturg framseier fraser som deretter repeterast av tilhøyrarane.

Diktet vart skrive like etter 2. verdskrig og tematiserer nazistiske konsentrasjonsleirar. «Døden er ein meister frå Tyskland» er ei av frasene som blir repetert. Eg skal ikkje begynne å analysere – det er mange som har skrive om dette diktet, og Jan Erik Vold kan faktisk også her figurere som døme – men når det gjeld konsentrasjonsleirane, så kan det nevnast at filosofen Theodor Adorno var av den oppfatting at det ikkje skulle skrivast poesi etter Holocaust. Celan sa seg sjølvsagt ueinig i dette, og standpunktet framstår jo som svært spesielt, men Adorno var også ellers svært kritisk til kulturens funksjon, så det er kanskje ikkje så oppsiktsvekkande at han meinte dette. Og det er vel heller ikkje standpunktet i seg sjølv, så mykje som grunnane til at han hadde det, som gjer han relevant, utan at eg har høve til å gå inn på det no.

PS: Eg var såvidt inne på temaet musikk og dikt i eit innlegg om Inger Christensen, og kjem nok tilbake til temaet fleire gongar.

Dikt med musikk

Eg har sett saman ei lita Spotify-speleliste med innspelte dikt. Det er ikkje noko definisjonsmessig klarheit i kva som kom med på denne lista, men det er hovudvekt på norske ting. Med dikt, så meinar eg tekstar som først er skrivne som dikt og deretter innspelt.

Diktarane som er representerte er Jens Bjørneboe, Rudolf Nilsen, Rolf Jacobsen, Herman Wildenvey, Søren Ulrik Thomsen, Jan Erik Vold, Kolbein Falkeid, Lord Byron (til norsk ved Karen Hanssen), Edith Södergran, Olav H. Hauge, Gunvor Hofmo, Henrik Wergeland, Gunnar Ekelöf.

Eg har også teke med Draumkvedet i ein over førti minuttar lang versjon med vokal av Agnes Buen Garnås. 

Enkelte av spora eg har teke med kjem frå album der det også fins mykje anna interessant, så det går fint an å klikke seg vidare til mykje bra. Lista kan for øvrig komme til å forandre seg dersom ting blir fjerna frå Spotify, eller dersom eg oppdagar noko nytt som eg vil ta med. 

Her er forresten eit skjermbilde av spelelista slik ho er no.