Poesi på ein Kindle
Som tidlegare nevnt har eg forsøkt å lese dikt elektronisk, via ein Kindle-lesar, og er ikkje like nøgd med det som eg var med å lese elektronisk prosa. Det er ein hovudgrunn til det, og det er formateringa. Den amerikanske poeten Billy Collins seier det slik:
The critical difference between prose and poetry is that prose is kind of like water and will become the shape of any vessel you pour it into to. Poetry is like a piece of sculpture and can easily break
Sidan ebøker ikkje har sider eller standardiserte skriftstorleikar, så blir det ei utfordring å formatere tekstar som har faste linjer, slik som dikt og annan lyrikk gjerne har. Eit absolutt minimum av formatering bør vera å plassere kvart dikt som eit eige «kapittel», slik at det i alle fall er mogleg å minimere uheldig oppstykking av tekstane. Mange av titlane på Amazon har ikkje eingong dette. Det fins imidlertid formateringar som er gjort av uoffisielle felleskap, og det eg har sett til no har stort sett vore omtrent så bra som det kan tenkast å bli. Dette gjeld sjølvsagt ikkje-kommersielle titlar.
Sjølv om det er dårleg er det imidlertid ein god ting at poesi er tilgjengeleg på flest mogleg plattformar."I have mixed feelings about poetry and e-books," says award-winning poet Edward Hirsch, whose "The Living Fire" came out in March in hardcover, but not as an electronic text. "I don't think it's the best way to read poetry myself and I wouldn't want to read it on the e-book, but it also seems important to have poetry available wherever possible." [Link]
Med tanke på dette, så kan ein jo også sjå for seg at lydopptak har større moglegheiter enn det som per i dag blir utnytta. Billy Collins er også inne på dette:
I'm all for poetry catching up with technology, and just as there are iTunes, I think we should have iPoems.
På kort sikt er likevel det enklaste at Amazon finn ei løysing i form av ein standard for formatering av vers, noko dei visstnok allerede har tenkt på. Eg trur ikkje det er høgt på prioriteringslista.
