Om tingenes natur
I Morgenbladet for 25. november–1. desember las eg ei bokmelding av boka The Swerve – How the World Became Modern av Stephen Greenblatt – som for øvrig er ei bok eg kunne tenke meg å lese, sidan eg er litt spesielt interessert i seinmellomalderen og renessansen – men no er det ikkje sjølve boka akkurat dette handlar om.
Boka handlar nemleg om eit dikt, som på norsk heiter Om tingenes natur, skrive av den romerske diktaren Lukrets (a.k.a. Lucrets/Lucretius, som levde i åra frå 96 til 55 føre null), og det er eit ganske langt læredikt om naturvitskap, i tillegg til ymse digresjonar og polemiske mellomspel. «Dette må eg lese» tenkte eg, og gjekk på biblioteket, som hadde ein flott kopi frå 1978 ståande på magasinet. Det er visst fyrste, og kanskje einaste gong dette diktet vart omsett til norsk. Då eg opna boka kjende eg ei slik søtleg lukt av gamalt papir og trykksverte som ein får av gamle, nedstøva sekstitalsbøker. Boksidene var nærast litt fuktige å ta på. Eg kan ikkje hugse det frå andre bøker eg har lånt frå magasinet, men kanskje bøkene blir lagra med regulert luftfuktigheit – kva veit eg.
Når det gjeld sjølve teksten, så er den tidvis omsett i verseform og tidvis i meir prosaisk form. Det er også oppklarande kommentarar frå omsettaren undervegs i teksten. Både i Lukrets si samtid og i nyare tid har det vore vanleg å skrive alle moglege slags tekstar i verseform – så vidt eg veit var dette vanleg fram til opplysningstida (som ein kuriositet kan det her nevnast at Peter Wessel Zapffe besvarte sin juridiske embedseksamen på rim i 1923).
Lukrets hadde ei prosaisk hensikt; han skreiv diktet for å opplyse eit romersk publikum om Epikureisk filosofi, og det fins difor her referanser til atomteori og brownske rørsler, og fleire andre ting som først i ettertida har blitt anerkjende vitskaplege modellar. Til dømes demonstrerer Lukrets ved hjelp av logisk deduksjon at alle gjenstandar vil falle til jorda med same hastigheit i eit lufttomt rom. Det var først 1500 år seinare at Galileo klarte å vise dette ved hjelp av sitt vidgjetne eksperiment. Det framstår for meg som svært oppsiktsvekkande at dette har teke så lang tid.
Lukrets omtalar også atomene sine kontinuerlege rørsler, slik vi også ser dei i moderne fysikk.
Langt under grensen for alt våre grove sanser kan gripe,
ligger atomenes verden, og når vi ikke kan se dem,
er det jo lett å forstå at bevegelse ikke kan merkes.
For selv større ting som det blotte øye kan skjelne,
synes å ligge i ro når vi ser det på avstand, langt borte.
At dette diktet lenge var gløymt får meg til å lure på kva som kunne hendt dersom det hadde blitt verande i den vestlege kulturen, i staden for først å bli gjenoppdaga i renessansen. Det er vel også kanskje ein del av dette den ovanfor nemnde boka om diktet handlar om, så eg må nok få skaffa meg den etter kvart. For øvrig kan det også merkast at Michel de Montaigne, som eg tidlegare har nemnd, hadde Lukrets som ein av sine favorittdiktarar.
