Filed under: sang

Fill the Goblet Again

Lord Byron si drikkevise Fill the Goblet Again er tematisk sett ein bortimot tidlaus melankolsk refleksjon over liv og einsemd, og ei av dei mest berømte dikta frå den engelske romantikken. Sjølv om diktet er over to hundre år gammalt blir det framleis sunge i dag. Eg siterer første strofe:

Fill the goblet again! for I never before
Felt the glow which now gladdens my heart to its core;
Let us drink! – who would not? – since, through life's
      varied round,
In the goblet alone no deception is found.

(…)

Via Fr. Martinsen fann eg ut at Valkyrien Allstars er blant dei som har sett musikk til det. Dei har brukt ei norsk omsetting av Karen Hanssen frå 1930, som for øvrig fins side om side med den engelske teksten i antologien Fyll mitt beger påny frå 1990. Det blir kanskje nokre tapte nyansar frå engelsk til norsk, men det er ei fin gjendikting.

Av ein eller annan grunn har eg ved tidlegare lesing av diktet hørt melodien til Elliott Smith sin Between the Bars inni meg. Det er kanskje ikkje så rart, for det er på sett og vis også ei slags drikkevise, og rytmen i verset passar til diktet. Eg skulle likt å høyre ei tonesetting basert på den kombinasjonen.