Filed under: svensk

Tranströmer-bok

Etter at eg for nokre veker sidan fekk den nyutgivne Tomas Tranströmer-antologien Dikter och prosa 1954-2004 i gåve har eg allerede fått høve til å bruke ein del tid med denne boka. Eg har tidlegare kjent til diktaren gjennom å ha lånt eit par av samlingane hans på biblioteket, men no har eg plutseleg alt tilgjengeleg så lenge eg måtte ønske, og det forandrar måten eg les på.

Materielt sett er det forresten ei flott bok med eit fint og enkelt omslag, godt papir og flott skrift med mykje luft og margar. Her blir ikkje dei ulike tekstane skvist saman slik dei av og til kan bli i antologiar (noko som ofte er litt distraherande – i alle fall for meg). Eg meinar at ein eller annan har sagt noko slikt som at «Eitkvart dikt er ein fiende av andre dikt». Kor eg har det frå anar eg ikkje (opplys meg gjerne), men det er eit i alle fall eit godt uttrykk for den utfordringa som ligg i å vera ein god lesar.

Med denne boka har eg tilgjengeleg eit livsverk som eg kan plukke fram om kvelden og opne på ei meir eller mindre tilfeldig side for så å ta meg god tid med ein av tekstane (lesetempoet må sjølvsagt også dels tilskrivast det faktum at det er på svensk). Når eg har lese teksten så grundig som eg føler eg treng, så legg eg berre vekk boka. 

Det blir liksom eit slags rituale, som muligens minner om måten enkelte les Bibelen på. Etterpå kan eg sitte og drikke eit glas øl medan eg stirrar ut i lufta; det er ikkje alltid ein skal lese for mykje på ein gong, heller. Schopenhauer skriv forresten noko om det i eitt av essaya sine (eg har sjølvsagt gløymt kva for eit det var, og mannen har jo skrive ein halv million essays fordelt på seks bøker); han seier noko slikt som at dersom ein les for mykje, så får ein for lite tid igjen til å tenke (eventuelt i mitt tilfelle; for liten plass til å hugse kvar ein har lese ting). 

Eg merkar at eg føretrekk denne måten å lese på; ofte har eg problem med å leve meg inn i romanar fordi eg begynnar å gruble på ting medan eg les, men med dikt så er liksom ikkje det eit problem – snarare tvert imot. 

Som eit apropos har Jan Erik Vold gjendikta Tranströmer til norsk, og dei fleste dikta fins i boka Tomas Tranströmer: Samlede dikt, som er tilgjengeleg på bokhylla.no.